Kort fortalt

Ny investeringsbank manglar pengar

Trøbbel for Nordsjøbanken.

21.08.2018
NPK: I fjor byrja nokre investorar frå Bergen å hente pengar til Nordsjøbanken, ein ny investeringsbank "av og for kysten". Ved nyttår hadde banken negativ eigenkapital og alle tilsette vart permitterte, skriv Dagens Næringsliv.
Banken fekk først beskjed frå Finanstilsynet om at den måtte ha ein kapitalbase på ein halv milliard før den kunne starte opp verksemda, men dette blei seinare senka til 350 millionar kroner.
– Eg har aldri høyrt om ein oppstartsbank som må hente ein halv milliard for å kunne starte. Vi er nøgde med at vi rett før sommaren fekk senka kravet, seier dagleg leiar Christian Ravnå til avisa.
Men gründerane klarte berre å hente omtrent 100 millionar kroner i fjor, langt under både den opphavlege og senka konsesjonsgrensa frå Finanstilsynet.
Selskapet fekk i fjor eit underskot på 11,2 millionar kroner og det førte til at eigenkapitalen enda 456.000 kroner i minus.
For å kunne fortsette drifta, permitterte selskapet alle dei seks tilsette i januar i år. Ravnå jobbar no for å hente investorar.
Med seg i leiargruppa har han finansdirektør Henrik Solberg-Johansen og teknologidirektør Tor Bjoland. Totalt hadde selskapet seks tilsette før dei permitterte.
Dersom banken ikkje klarar å skaffe nok kapital, vil den ikkje kunne starte opp verksemda si.
– Vi har no 49 investorar og har samla betydeleg kapital. Vi har litt att opp til 350 millionar kroner, men vi er på god veg, fortel Ravnå til DN.

Publisert: 21.08.2018 11:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37