Kort fortalt

Ny konkurs i Det Grøne Treet-lokala

Volda-restaurant stengt for godt. 

Marius Rosbach
06.07.2020
Det er opna konkurs i driftselskapet La Chesf, som har stått for restaurantdrift i Det Grøne Treet-lokala i Volda sentrum.
Advokat Thomas Lundberg er bustyrar og første skiftesamling er 17. august ifølgje ei frå Brønnøysundregistera.
Så seint som i fjor sommar blei det meldt oppbod i det førre selskapet som hadde restaurant på staden.
No er eigaren av lokala, Karl Erik Rønnestad i Rønnestad Eigedom på jakt etter nye leigetakarar, ifølgje som først omtala konkursen. Den direkte årsaka til konkursen denne gongen, er at krav frå ein tilsett på feriepengar og løn, ifølgje avisa.
Restauranten har vore stengt sidan mars, då koronautbrotet ga besøkssvikt hos store delar av serveringsbransjen.

Publisert: 06.07.2020 15:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26