Brødrene aa fjord1 bybåtane
BERGEN: Frå og med 2025 vil desse hurtigbåtane drifte Askøy- og Nordhordalandsruta. Illustrasjon: Fjord1
Kort fortalt

Ny kontrakt til Brødrene Aa

Skal bygge hurtigbåtar for Fjord1.

18.08.2023

(NPK-NETT.NO): Reiarlaget Fjord1 har inngått avtale med Kystekspressen om å kjøpe hurtigbåtar med ny teknologi.

– Dette vil vere eit sterkt bidrag til den store miljøsatsinga, og vi gler oss til å setje i drift dei første nullutslepp-hurtigbåtane i Vestland fylke, seier Andrè Høyset, driftsdirektør i Fjord 1, i ei pressemelding.

Fjord1 skriv at dei har inngått ein avtale med Kystekspressen om innkjøp av fartøy som skal byggjast om til hurtigbåtar med låg- og nullutsleppsteknologi som skal gi reduserte utslepp.

Avtalen inneberer eit nybygg for Brødrene Aa-verftet i Gloppen. Kontrakten inneheld også to ombyggingar av båtar Brødrene Aa har levert tidlegare.

Frå 2025 til 2040 vil det vere bybåtrutene Knarvik-Frekhaug-Strandkaien (Nordhordalandsruta) og Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta) som får ta i bruk dei nye båtane.

Askøyruta vil få utvida tilbodet med to hurtigbåtar med kapasitet på 275 personar, medan Nordhordalandsruta vil få ein båt med kapasitet på 199 personar.

(©NPK)

Publisert: 18.08.2023 11:00

Sist oppdatert: 18.08.2023 13:32

Mer om