Kort fortalt

Ny lakselusforsking

Skal avdekke effekten av lakselusmiddel.

24.04.2019
NPK: Debatten kring lusemiddel og påverknaden det har på skaldyr og andre omgivnader er velkjent. No skal eit nytt prosjekt prøve å kome til botns i problemet.
Kompetanseklynge Laks er i startgropa på prosjektet «Lusemiddel vs. Skalldyr», men det er for tidleg å gi konkrete signal, seier Knut Johansen som er sekretariat for kompetanseklynga. Dei ønsker å sjå på om lusemidla har innverknad på skaldyr, i tillegg til kor langt unna anlegga midla eventuelt har innverknad på omgjevnadane.
Prosjektet er eit resultat av eit dialogmøte der mellom anna Fiskeridirektoratet og rekenæringa deltok.
Seniorrådgivar Per-Arne Emaus fortel at havforskingslitteraturen og kunnskapen knytt til avlusingsmiddel og effekten av dei er usikker, og at kunnskapsaktørane som deltok på dialogmøtet meiner at det må forskast meir før ein kan konkludere med effekten lusemiddel har på omgjevnadane.

Publisert: 24.04.2019 15:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35