Kort fortalt

Ny lusefelle med vellykka resultat

Lokkar lusa vekk frå laksen.

21.06.2019
NPK: Blue Lice har utvikla ei ny lusefelle for å hindre lakselus i å nå fram til laksen.
Lusefella har vore gjennom mange testrundar, og dagleg leiar Karoline Sjødal Olsen seier no at dei med godt samvit kan slå fast at metoden verkar, skriv .
Blue Lice nyttar lukta av lakseslim og eit spesielt lys for å lokke lusa vekk frå laksen.
– På den måten kan vi gå inn å vere ein slags lurelaks for lusa og ta ned presset for oppdrettarane, seier Olsen.

Publisert: 21.06.2019 11:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34