Kort fortalt

Ny maritim forskingsstrategi

Ser på grøn skipsfart og digitalisering.

Marius Rosbach
25.01.2022

Torsdag får fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran overlevert den nye Maritim21-strategien, som skal sjå på teknologi- og forskingsmoglegheiter i grøn skipsfart og digitalisering.

Målet med den nye strategien er å stimulere til forsking, utvikling og innovasjon som bidrar til berekraftig vekst og verdiskaping, auka konkurranseevne og eksport frå maritim næring, ifølgje ei pressemelding.

Strategien blir overlevert til statsråden av leiaren for strategigruppa professor Ingrid Schjølberg. Gruppa er sett saman av representantar frå maritimt næringsliv, akademia, og organisasjonane Norsk Industri, Fiskebåt, LO og UNIO.

Publisert: 25.01.2022 12:53

Sist oppdatert: 27.01.2022 11:58

Mer om