Lanserte modell som reknar ut utslepp
Kystverket med 50-årsmarkering og bidrag til klimakampen.
(NPK): Kystverkets lanserer MarU som kan bidra til å få betre oversikt over klimagassutsleppa. Den nye modellen estimerer utslepp frå fartøy i norske farvatn, og målet er å auke kunnskapen.
Modellen blir lansert samtidig som Kystverket feirar 50 år som etat. Eit av Kystverkets mål er å bidra til at sjøfarten reduserer klimagassutsleppa sine, og difor treng dei meir kunnskap.
Den nye modellen for estimering av maritime utslepp (Maru) gir nettopp ein oversikt over utslepp frå skipsfarten, som CO2, metan, NOx, svevestøv, for å nemne nokon. Estimata er fordelte på skipstype og -storleik, geografiske område, type trafikk (innanriks, utanriks, gjennomfart) og om fartøyet er under segling eller ligg ved kai.
Du kan for eksempel sjekke utsleppa frå cruisetrafikken i din kommune.
Sjekk modellen her (ekstern lenke)
Til dømes kan du velje å sjå kor mykje CO2 dei største cruiseskipa slepper ut i Geiranger (Stranda kommune) i juli medan dei ligg i ro.
– Ei av dei største utfordringane i verda er korleis vi kan redusere klimagassutsleppa – også til sjøs. Kystverkets rolle handlar i stor grad om å bidra med kunnskap. Det er nødvendig for å kunne vurdere Noregs oppnåing av klimamåla for innanriks sjøfart og fiske, og for å identifisere målretta og kostnadseffektive tiltak for utsleppskutt langs verdas nest lengste kyst, seier kystdirektør Einar Vik Arset i ei pressemelding.
(©NPK)
Publisert: 28.05.2024 13:17
Sist oppdatert: 28.05.2024 15:58