Kort fortalt

Ny måling: Frp på nivå med SV

Dårlegaste måling sidan 2006.

03.02.2021
(NPK-NTB): Framstegspartiet og SV får same oppslutning på NRK og Aftenpostens siste måling – 8,3 prosent. Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet er jamstore på topp.
Sp og Frp har tilsynelatande bytt posisjon på den politiske skalaen. No er det Trygve Slagsvold Vedum som måler krefter med partileiarkollegaene i H og Ap, medan Siv Jensen og Frp er størst blant dei minste.
Dei tre store, Ap, H og Sp, får ei oppslutning på høvesvis 20,7 (+0,6), 22,8 (+0,2) og 21,9 (+0,6) prosent i meiningsmålinga Norstats måling for og i februar.
SV held fram på 8-talet med ein tilbakegang, som er godt innanfor feilmarginen, på 0,6 prosentpoeng og får selskap der av Frp. Partiet har den største tilbakegangen av alle partia på januarmålinga, med 3 prosentpoeng.
Partiet har ikkje hatt ei verre måling frå Norstat sidan 2006.
Nestleiar Terje Søviknes forklarer tilbakegangen delvis med at det har vore lite rom for partipolitikk under pandemien og «organisatoriske utfordringar» lokalt i Oslo og Bergen.
For resten av partia er det berre mindre endringar i oppslutninga: Miljøpartiet Dei Grøne aukar med 0,9 prosentpoeng til 4,8 prosent. Raudt får 3,9 prosent (+0,2), Kristeleg Folkeparti 3,5 (-0,2) og Venstre 2,4 (-0,1). Gruppa Andre samlar 3,3 prosents oppslutning, opp 1,3 prosentpoeng.
(©NPK)

Publisert: 03.02.2021 08:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23