Kort fortalt

Ny nedtur for regjeringspartia

Pilane peiker ned i meiningsmåling.

NPK
02.02.2023

(NPK-NTB) Arbeidarpartiet får 21,2 prosent på den andre meiningsmålinga i år i samband med kommunevalet. Også Senterpartiet gjer det dårlegare den andre månaden i år.

Senterpartiet får 8,1 prosent på målinga som er gjort av Norstat for NRK og Aftenposten.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet får ein nedgang på høvesvis 1,5 og 1,1 prosentpoeng frå førre meiningsmåling frå Norstat i januar.

– Dette er ei dårleg måling, og vi er ikkje der vi ønskjer å vere. Men mange opplever ein krevjande kvardag og mykje uvisse, ikkje minst rundt eigen økonomi. Då er det naturleg at det kjem misnøye, skriv partisekretær Kjersti Stenseng (Ap) i ein e-post via kommunikasjonsrådgivaren sin til Aftenposten.

Oppslutninga til Ap er framleis lågare enn ho var i kommunevalet i 2019, som er det dårlegaste kommunevalet til partiet nokosinne. Då fekk dei 24,9 prosent.

Tala for kommunevalet er likevel vesentleg betre enn i rikspolitikken. På spørsmål om kva folk ville stemt om det var stortingsval no, er det 17,5 prosent som svarer Arbeidarpartiet, og 5,4 som svarer Senterpartiet.

(©NPK)

Publisert: 02.02.2023 07:56

Sist oppdatert: 02.02.2023 07:58

Mer om