Sparebanken Møre har tilsett Hege Karete Hamre som ny leiar for næringsliv på søre Sunnmøre.
Hege Karete Hamre er fødd og oppvaksen i Volda, utdanna revisor og kjem frå stillinga som regiondirektør for Sparebank 1 Regnskapshuset.
Ho har også lang erfaring frå leiinga i Furene AS, i tillegg til ei rekkje styreverv, opplyser banken i ei pressemelding.
- Ho har brei innsikt i næringslivet i regionen, eit stort kontaktnettverk og ikkje minst eit brennande engasjement, seier Terje Krøvel, leiar for divisjon næringsliv i Sparebanken Møre, i pressemeldinga.Hamre skal leie ein næringslivsstab på åtte personar.Ho tiltrer stillinga 1. august, og tek over etter Kjell Jan Brudevoll som trer av med pensjon.
Hege Karete Hamre er fødd og oppvaksen i Volda, utdanna revisor og kjem frå stillinga som regiondirektør for Sparebank 1 Regnskapshuset.
Ho har også lang erfaring frå leiinga i Furene AS, i tillegg til ei rekkje styreverv, opplyser banken i ei pressemelding.
Vil vekse
– Vi har klare ambisjonar om å vekse generelt, og spesielt på Søre Sunnmøre. Vi har stor tru på at Hege vil leie dette arbeidet på aller beste måte.- Ho har brei innsikt i næringslivet i regionen, eit stort kontaktnettverk og ikkje minst eit brennande engasjement, seier Terje Krøvel, leiar for divisjon næringsliv i Sparebanken Møre, i pressemeldinga.Hamre skal leie ein næringslivsstab på åtte personar.Ho tiltrer stillinga 1. august, og tek over etter Kjell Jan Brudevoll som trer av med pensjon.
Publisert: 09.04.2019 14:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35





