NPK-NTB: Grunnlaget for berekninga av nytt skattekort er endra. For enkelte kan det bety høgare trekkprosent, særleg om ein har tent ekstra godt i oktober.
Tidlegare var skattekortet basert på siste skatteoppgjer. For å få eit ferskare grunnlagsmateriale, er dette no endra slik at den anslåtte lønna for neste år er basert på kva arbeidsgjevar har rapportert inn for enten perioden januar til oktober 2018 eller berre oktober månad. Det talet som gir høgast inntekt blir brukt, skriv Skattebetalarforeininga i .
– Det er positivt at skatteetaten no ønsker å legge ferskare tal til grunn for skattekortet. Likevel er sjølve metoden ganske oppsiktsvekkjande, seier advokat og rådgjevar Per-Ole Hegdahl i foreininga.
– Viss oktoberlønna di er høgare enn normalt, på grunn av bonus, honorar, biinntekter eller andre skattepliktige ytingar, så vil grunnlaget for berekninga av inntekt som er bestemmande for neste år, òg bli for høgt.
Foreininga anbefaler derfor folk å vere ekstra nøye med å sjekke skattekortet for 2019, spesielt om ein har prosenttrekk.

Publisert: 21.12.2018 14:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36