Kort fortalt

Ny rapport om maritim likestilling

Statsråden vil ha innspelsmøte.

NPK
19.05.2022
(NPK): Ein ny rapport viser at strukturelle, kulturelle og praktiske barrierar kan forklare kvifor det framleis er låg kvinnedel i maritim næring.

I rapporten står det at kvinnedelen i maritim næring blant dei som jobbar på skip, ligg på 11 prosent, men kvinnedelen i den breiare maritime næringa (leverandør, sjøfart transport, tenester og verft) er på 21 prosent.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) har no kalla inn til innspelsmøte med partane i den maritime næringa for å diskutere rapporten og arbeidet til regjeringa med ein maritim likestillingsstrategi, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

– Dette er ein viktig rapport på eit område det har vore viktig for meg å bidra til positiv endring på. Denne studien er eit sentralt bidrag for å få eit meir heilskapleg overblikk og vil utgjere ein vesentleg del av faktagrunnlaget for den komande likestillingsstrategien til regjeringa, seier Skjæran i pressemeldinga.

Andre sentrale funn i rapporten var at kvinner i maritim sektor tener mindre enn menn, også når det blir kontrollert for utdanning, stillingstittel og alder. Samstundes er kvinnedelen blant studentar stabil, på om lag 20 prosent innan universitets- og høgskulesektoren.

(©NPK)

Publisert: 19.05.2022 13:29

Sist oppdatert: 19.05.2022 13:32

Mer om