Ny redaktør i Nordre
Linda Bakken konstituert som ansvarleg redaktør i Nordre.
Linda Bakken (46) tek over som redaktør i Nordre frå 29. november. Bakken tek over etter Hilde Beate Ellingsæter, som byrjar i prosjektleiarstilling for Sunnmøre Friluftsråd 1. desember, blir det opplyst i ei pressemelding.
Linda Bakken kjem opprinneleg frå Tingvoll på Nordmøre og har budd mange år på Svalbard.
Bakken starta si journalistiske karriere i Aura Avis, der ho var frilanser og deretter eineansvarleg for lokalkontoret på Tingvoll. Etter eitt år som allround journalist i Lofotposten, utdanna ho seg som flygeleiar på kortbanenettet. Ho jobba mange år i luftfarten, men er no tilbake i journalistikken for fullt.
Bakken har jobba frilans i nokre år og byrja i deltids stilling i Nordre i slutten av oktober. Ho har takka ja til å vere konstituert redaktør og gler seg til å ta tak i spanande saker i tida framover. Bakken er småbarnsmor og bur på Blindheim.
– Vi er veldig glad for å få Linda Bakken med på laget og ønsker ho hjarteleg velkomen til Nordre, seier dagleg leiar Åshild Fjørtoft, i pressemeldinga.
Publisert: 26.11.2021 17:28
Sist oppdatert: 26.11.2021 17:30