Familiebedrifta Brudevoll Kjøtt held til i sentrum av Ulsteinvik og vart etablert i 1916.
Tidlegare hadde ein eige slakteri, men den delen vart nedlagt i 2004. No vert det drive med nedskjering av heile skrottar - bringa frå Nortura i Førde. Brudevoll Kjøtt driv pølsemakeri med tilhøyrande - og lagar også spekemat. I tillegg har ein direktesal over disk.
Det er tredje og fjerde generasjon som no står bak, der dagleg leiar Roger Brudevoll eig 100 prosent av aksjane.
I fjor sette selskapet omsetningsrekord, med 21,2 millionar kroner.
Selskapet sysselsette sju årsverk.
Den samla eigenkapitalen er på 9,2 millionar kroner, og langsiktig gjeld er på 0,3 millionar.
Brudevoll Kjøtt | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 21,2 | 19,5 | |
Driftsresultat | 2,7 | 2 | |
Resultat før skatt | 2,7 | 2 |
Publisert: 28.04.2023 13:30
Sist oppdatert: 22.05.2025 10:21