Ny rekord for Rørtek
Ålesund-selskapet auka inntektene, men svekka resultatet.
Ålesund-selskapet Rørtek sysselsette i fjor 35 årsverk, og har bygd seg opp til å verte ein leiande aktør på Nordvestlandet i teknisk og industriell installasjon av rørsystem for maritim og landbasert industri.
Selskapet driv blant anna med iIdustrirørlegging, automasjon, prosessindustri, hydraulikk, fjervarme og frys og kjøl.
I fjor sette selskapet omsetningsrekord, 1,8 millionar kroner over 2021. Dei siste 20 åra har selskapet gått i pluss, i fjor med eit resultat før skatt på 4,6 millionar kroner.
Rørtek hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på 23,3 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.
Selskapet er ein del av Tess Nord, der Stiftselsen Erik Sølberg eig 96,3 prosent.
Rørtek | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 55,3 | 53,5 | |
Driftsresultat | 4,5 | 7,5 | |
Resultat før skatt | 4,6 | 7,7 |
Publisert: 10.05.2023 06:00
Sist oppdatert: 10.05.2023 04:36