(NPK-NTB): Noreg eksporterte 291.000 tonn sjømat for 10,9 milliardar kroner i oktober. Ei svekt norsk krone bidrar sterkt til at det blir sett ny rekord.
Eksportvolumet har auka med 8 prosent frå oktober i fjor. Verdien av eksporten har auka med 9 prosent, eller 854 millionar kroner.
– Det har vore ein betydeleg volumvekst i eksporten av både laks og sild i oktober som har bidratt til verdiveksten. Dette kjem av auka utslakting og auka fangstar. I tillegg er ei svekt norsk krone sterkt medverkande til at sjømateksporten set ny rekord for oktober månad, seier Tom-Jørgen Gangsø, direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd.
Hittil i år har Noreg eksportert 2,2 millionar tonn sjømat til ein verdi av 87 milliardar kroner. Eksportvolumet har falle med 4 prosent, og verdien har auka med 8 prosent, eller 6,3 milliardar kroner, samanlikna med same periode i fjor.
– I heile 2019 har den norske krona svekt seg mot dei store valutaene, og dette har vore med på å auke eksportverdien målt i norske kroner, seier Gangsø.
(©NPK)

Publisert: 06.11.2019 08:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32