Ny rekord for Skodje-selskap
Plastbedrift med fin vekst.
Selskapet Mesterplast vart starta i 2005, og hadde i fjor sitt hittil beste år med ei omsetning på 11,1 millionar kroner.
Selskapet driv med plaststøyping og samanstilling av produkt der herdeplasten polyuretan (PUR) inngår som ein sentral del av produktet. Det betyr at ei form varmast opp til ein bestemt temperatur og vert deretter fylt med polyuretan.
Mesterplast leverer ei lang rekke produkt, som ifølgje heimesida kan gjerast mjukt som gummi eller stivt som betong.
Det er også muleg å støype inn metallobjekt og glassfiber slik som boltar, hylser, plater, mutterar og liknande.
Selskapet har ein samla eigenkapital på 4,8 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.
Sander Berg eig 51 prosent, medan Lennart Berg eig 49 prosent.
Mesterplast | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 11,1 | 9,2 | |
Driftsresultat | 1,3 | 0,2 | |
Resultat før skatt | 1,3 | 0,2 |
Publisert: 16.05.2023 09:30
Sist oppdatert: 15.05.2023 16:36