293843482 120709060671092 7217641331089085231 n
VEKST: Svinø Entreprenør med fin vekst siste åra. Nærmar seg 100 millionar i omsetning. Foto: Svinø Entreprenør
Kort fortalt

Ny rekord for Svinø Entreprenør

Ålesund-selskapet nærmar seg 100 millionar kroner i inntekter.

23.05.2023

Selskapet Svinø Entreprenør vart starta opp i 1989, men har snart 60 års bransjeerfaring. Selskapet utfører ei rekke tenester til både offentelege og private aktørar, som masseforflytting, riving, vegbygging og kraning.

I fjor hadde selskapet inntekter på 96,3 millionar kroner, som er ny rekord. Veksten har vore fin over lengre tid, og selskapet passerte 30 millionar i inntekter første gong i 2008, og 50 millionar i 2016. Resultata har heile vegen vore positive.

I fjor sysselsette selskapet 46 årsverk. Eigenkapitalen er på 12,3 millionar kroner, og langsiktig gjeld 0,1 millionar.

Dagleg leiar Odd Ivar Svinø er største aksjonær med 49,0 prosent. Per Kåre Alvestad eig 31,9 prosent, Joachim Storhaug Eliassen 9,0 prosent og Oddgeir Svinø 7,9 prosent. Dei kan for fjoråret fordele eit utbyte på 2,0 millionar.

Svinø Entreprenør
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 96,3 94,7
Driftsresultat 2,6 4,7
Resultat før skatt 2,6 4,5

Publisert: 23.05.2023 05:30

Sist oppdatert: 22.05.2023 18:33

Mer om