Ose
DEVOLDFABRIKKEN: Ose var rådgjevar ved ombygginga av Devoldfabrikken i Langevåg. Foto: Ose
Kort fortalt

Ny rekord for Ørsta-selskap

Ose med sitt beste omsetningsår sidan starten i 2009.

31.05.2023

Ose er rådgivar innan bygg- og anleggsbransjen, og har historie tilbake til 1962. Då kom Magnar Ose, som utflytta ørsting, heim frå stillinga som kommuneingeniør i Rolvsøy, med ønske om å skape sitt eige levebrød her. Han etablerte kontoret i 1962 og begynte med rådgivande ingeniørtenester og taksering til både private, offentlege og bedriftskundar. Sonen, Trond Ose, tok over drifta og etablerte aksjeselskapet `Ose Ingeniørkontor AS` i 1992.

I 2010 kom Tor Egil Meland og Jonas Reitan inn som medeigarar i selskapet. Aukande oppdragsmengder og endringar i lovverket har gitt rom for spesialisering innan dei ulike fagområda.

Ose har i dag kontor i Ørsta og Ålesund, og sysselsette i fjor 17,5 årsverk.

Eigenkapitalen er på 3,4 millionar kroner, og langsiktig gjeld 0,4 millionar.

Tor Egil Meland er største aksjonær med 50,1 prosent, medan Jonas Reitan eig 24,9 prosent og Lars Olav Tvergrov 9,9 prosent.

Aksjnærane fordeler eit utbyte på 1,2 millionar kroner.

Ose
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 27,6 23,4
Driftsresultat 1,9 2,2
Resultat før skatt 2 2,2

Publisert: 31.05.2023 07:00

Sist oppdatert: 31.05.2023 05:29

Mer om