Rita sævik 22 foto privat
GODT FJORÅR: Høge fiskeprisar har gitt solid omsetning for mange i fiskeri. Det same var tilfelle for Rita Sævik og reiarlaget i fjor. Foto: Privat
Kort fortalt

Ny rekordinntekt for Christina E

Herøy-båt med lønnsamt år.

Marius Rosbach
15.07.2025

Rekneskapen til Herøy-båten Christina E viser at fjoråret baud på både rekordomsetning og -driftsoverskot. 

Driftsinntektene auka med 20 millionar frå året før, og enda på nær 146 millionar kroner. 

Overskotet frå drifta var på heile 28 millionar, men finanskostnadene drog ned resultatet før skatt til 7,5 millionar kroner. 

Etter at det vart sett av rekordhøgt utbytte etter 2023, vert det ikkje teke utbytte etter fjoråret. Eigenkapitalen i selskapet var på over 145 millionar ved utløpet av 2024, og den langsiktige gjelda var på 40 millionar kroner. 

Christina E AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt145,9125,9
Driftsresultat28,49,6
Resultat før skatt7,5-10,2

Ervik & Sævik AS er eid av Rita Sævik (51 prosent) gjennom hennes selskap Kings Cross AS, og Espen Ervik (49 prosent) gjennom hans selskap Bilix AS.

Konsernet driv også eigedomsinvesteringar, restaurantdrift og kunstgalleri. 

For både Ervik & Sævik-reiarlaget og Ervik & Sævik Eiendom vart 2024 eit minusår (sjå tabellar under). For Horisont Restaurant enda fjoråret med eit overskot for første gong sidan oppstarten. 

Ervik & Sævik AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt7,37,1
Driftsresultat-2,6-1,9
Resultat før skatt-2,3-1,9
 Ervik & Sævik Eiendom AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt5,95,7
Driftsresultat0,80,6
Resultat før skatt-2,3-2,6
Horisont Restaurant AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt2,22,2
Driftsresultat0,2-0,9
Resultat før skatt0,2-0,9

Publisert: 15.07.2025 09:52

Sist oppdatert: 15.07.2025 17:11

Mer om