NPK-NTB: Klimastreiken 22. mars samla over 40.000 barn og ungdom. No vil initiativtakarane gjenta streiken 24. mai.
Klimastreiken i mars var ein suksess og samla omtrent dobbelt så mange ungdommar som forventa. På over 70 stader over heile Noreg troppa barn og ungdom opp sjølv om dei fekk ført fråvær på grunn av deltakinga.
I mai ønsker ungdommane på nytt å streike for klimaet. I ei pressemelding skriv initiativtakarane – 15 år gamle Tina Razafimandimby Våje og nestleiar i Changemaker Mari Hasle Einang (23) – at responsen til politikarane etter streiken i mars viser at dei verken tar ungdommane eller framtida på alvor.
– Vi krev handling og ein meir ambisiøs og solidarisk klimapolitikk. Politikarane sitt svar er nærast ein hets av streiken, heiter det.
Krava til ungdommane inneber mellom anna minst 53 prosent innanlands utsleppskutt innan 2030 basert på 1990-nivå, minst 65 milliardar kroner i klimafinansiering i året og ingen fleire leitelisensar for oljeverksemd.
Streiken blir arrangert i eit samarbeid mellom politiske ungdomsparti, barne- og ungdomsorganisasjonar og enkeltpersonar. Blant desse er KFUK-KFUM Global, Grøn Ungdom, Natur og Ungdom, Changemaker og enkeltpersonar i Miljøagentane. Streiken i mai er ein global streik som kjem til å mobilisere barn og unge over heile verda

Publisert: 11.04.2019 11:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35