Kort fortalt

Ny smitteoppblomstring

26 nye tilfelle i Herøy på tre døgn.

09.01.2022

- Til saman er det meldt 26 tilfelle dei siste tre døgna. Det ser ut til at vi står overfor eit nytt utbrot av covid-19 i kommunen, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i Herøy.

I ei pressemelding vert det opplyst at det er sett i verk omfattande tiltak med isolering, karantenesetting og testing. Det er sett i verk tiltak både ved Troll-lia barnehage, Gnist barnehage Myklebust, NAV Herøy, distriktstannklinikken i Fosnavåg og Stokksund skule i tillegg til tiltak som er knytt til fleire familiar og einskildpersonar.

Det er siste veka avdekte fleire smittevegar inn i kommunen, både frå nabokommunar og frå utlandet (Danmark, Storbritannia).

- Gjennomføring av dei oppstarta testregima vil avdekke om vi får fleire tilfelle den komande veka, seier Aasen.

Publisert: 09.01.2022 04:29

Sist oppdatert: 09.01.2022 04:31

Mer om