Ålesund kommune har sidan laurdag kveld fått meldt ni nye smittetilfelle med koronavirus, åtte av dei vart meldt søndag ettermiddag.
Det opplyser kommunen i ei pressemelding.
Smittesporingsteam jobbar med varsling til skular og barnehage.
Åtte av dei smitta var allereie i karantene. Det medfører likevel at nokre skuleklassar og ein barnehage kjem i karantene:
- Ei 1. klasse ved Fagerlia VGS
- Ei 3. klasse ved Emblem barneskole
- Ei avdeling ved Ebbegarden barnehage
Kommunen opplyser at eitt av utbrota kan truleg sporast tilbake til Toldboden/Jugendby barnehage.
Ålesund kommune samlar kriseleiing 24. mai for å ta stilling til vidare tiltaksnivået i både skule og samfunnet elles. Det ser ikkje ut til at kommunen kan opne opp etter pinse slik ein hadde håp om.
Publisert: 23.05.2021 22:50
Sist oppdatert: 23.05.2021 22:53