Kort fortalt

Ny smitterekord i Ålesund

20 nye smittetilfelle på eitt døgn.

16.08.2021

Ålesund kommune fekk søndag 15. august meldt 20 stadfesta smittetilfelle. Dette er det høgaste smittetalet på eitt døgn under pandemien, opplyser kommunen i ei pressemelding.

* Ti av dei var definerte nærkontaktar som var i karantene.

* Seks testa positivt etter ny testrunde i bedrift som har vore ramma av smitteutbrot. Til saman 21 personar er no smitta relatert til dette utbrotet i Ålesund og Giske kommune.

* To har testa positivt ved innreise.

* Ein har testa positivt etter reise innanlands.

*For ein er smittevegen ukjend.

- Det er no høge smittetal. Det er framleis mange unge vaksne som vert smitta i samband med sosiale lag. Mange venter lenge med å teste seg og i mellomtida har smitten fått spreie seg. Det er i tillegg ein del smitte relatert til gjestearbeidarar som tidlegare i pandemien, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Ein betydeleg andel av dei smitta er vaksinert med anten 1 eller 2 doser. Smittesporingsarbeidet er stadig krevjande, vert det opplyst.

- Vi oppmodar no alle på det sterkaste om å redusere tal på nærkontaktar, vere heime og teste seg ved symptom og om å bruke munnbind når ein ikkje kan halde 1 meter. Dess meir smitte det er i samfunnet, dess større effekt har bruk av munnbind. Alle over 18 år som ikkje har fått 1. vaksinedose, må no melde seg for vaksinasjon, seier kommuneoverlege Mestad.

Publisert: 16.08.2021 19:01

Sist oppdatert: 16.08.2021 19:03

Mer om