NPK: Ved å ta i bruk hybridteknologi i fiskefartøy, kan utsleppa av klimagassar frå havfiskeflåten reduserast med opptil 25 prosent, viser ny rapport.
Det er Grønt Kystfartsprogram som har utarbeidd rapporten, fortel fiskebåtorganisasjonen Fiskebåt.
Ein rapport som kom ut i fjor viste at fiskeflåten alt har redusert miljøutsleppa mykje sidan 2004, og at utsleppa frå den tid og fram til 2030, kan bli redusert med heile 40 prosent.
Ifylgje Fiskebåt er den mest å henta ved å ta i bruk kombinasjonen straum og gass (LNG).
– Då vil ein redusera CO2-utsleppa med rundt 20 prosent, Nox-utsleppa med 85 prosent og utslepp av Sox er eliminert, skriv organisasjonen.
Lie Gruppen på Sotra skal allereie ha inngått ein kontrakt om det første havgåande fartøyet som tek i bruk denne teknologien
– For andre fartøygrupper som er lengre tid på havet, gjev ulike kombinasjonar av diesel og straum gode gevinstar, heiter det. Reiarlaget Atlantic Longline AS i Ålesund blir trekt fram som døme på eit selskap som nyttar slike løysingar.

Publisert: 27.06.2018 13:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38