Kort fortalt

Ny teneste for ferjeoversikt

Statens vegvesen vil hjelpe bilistane.

NPK
28.06.2022
(NPK): Flyplasskaos, passmangel og pandemi har gjort at fleire har blitt interesserte i noregsferie. For å gjere planlegginga enklare har Statens vegvesen samla ei oversikt over alle ferjene på ein stad.

– Vi ønskjer å gjere det enklare for trafikantar å ta ferjer i Noreg, spesielt dei som kanskje ikkje er vande med å ta ferje. Med den nye tenesta vil folk kunne finne informasjon om alle ferjer på ein stad, seier Nils Karbø, avdelingsleiar i Statens vegvesen i ei pressemelding.

I løpet av ferien vil det kome versjonar med enda fleire moglegheiter. Karbø håper tenesta vil vere nyttig for alle som planlegg ferie som inkluderer ein eller fleire ferjestrekningar. Han har samstundes ei oppfordring til den ferierande:

– Ikkje la deg stresse om du er seint ute til ferja du har sikta deg inn på. Det kan skape farlege situasjonar for deg og andre. Ta det med ro, hald fartsgrensa og ta heller neste ferje. Bruk tida til eit ekstra stopp eller ein avstikkar frå hovudvegen. Det aller viktigaste er å kome fram til slutt, seier han.

Tenesta kan ein finne på nett her (ekstern lenke)

(©NPK)

Publisert: 28.06.2022 15:19

Sist oppdatert: 28.06.2022 15:23

Mer om