Kort fortalt

Ny vervemetode for lastebilsjåførar

Betalar førarkortet for unge sjåførar.

21.12.2018
Lastebileigarar tenkjer nytt for å skaffa sjåførarID: 15816745NPK
Mangel på nye lastebilsjåførar har fått lastebileigarar til å opne lommeboka for unge som vil inn i bransjen.
– Behovet for yrkessjåførar er enormt. Me kjem framover til å mangla om lag tusen sjåførar i året, fortel forbundsleiar Tore Velten i Norges Lastebileier-Forbund til .
Forbundet ventar ei dobling av gods fram mot 2030. Det trengst femten tusen nye sjåførar for handtera auken.
Ein av dei som treng sjåførar er dagleg leiar Inge Espeland i Espeland Transport i Alvdal i Hedmark. Bedrifta har 75 vogntog på vegen, og fleire av dei må ta på seg ekstra arbeid på grunn av mangel på sjåførar.
No tilbyr Espeland unge som ønsker å bli lastebilsjåfør å leggja ut for førarkortet. Dei unge sjåførane må på si side binda seg til å jobba fem år i bedrifta, og betale ned lånet dei har fått på desse åra. Eit førarkort for stor lastebil kostar ein stad mellom 100.000 og 120.|000.
– Dei som fell utanfor skulesystemet og ikkje har foreldre som kan sponsa eit slikt førarkort, har moglegheita til å bli yrkessjåførar gjennom denne ordninga, seier Espeland til kanalen.

Publisert: 21.12.2018 14:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36