Kort fortalt

Nybilsalet steig med 8,3 prosent

Stadig færre med dieselmotor.

04.09.2018
NPK-NTB: Nybilsalet i august auka med 8,3 prosent samanlikna med same månad i fjor.
I august vart det registrert 14.524 nye personbilar i Noreg, viser tala frå .
Auken kjem etter eit dramatisk fall i bilsalet i juli, då nordmenn kjøpte 9.611 nye bilar, eit fall på 16,3 prosent og det lågaste julisalet sidan 2009.
Stadig færre av dei nye bilane har dieselmotor. I august 2018 hadde 21 prosent av alle nyregistrerte personbilar berre dieselmotor, ein del som låg på 22,4 prosent i fjor. Personbilar med hybriddrift hadde 25 prosent av marknadsdelen i august i år, mens delen i fjor var 32 prosent.
Det vart registrert 4.158 nye personbilar med nullutslepp, stort sett elbilar, som svarar til ein marknadsdel på 28 prosent, ein auke på 8 prosentpoeng sidan i fjor.
Dei tre mest selde bilmerka i august er Volkswagen, Toyota og Nissan med høvesvis 2.568, 1.484 og 1.722 selde bilar. Dei same merka er også på toppen av lista over dei mest selde bilane så langt i år.
Det vart selt 45.247 bruktbilar i august, ein auke på 2,2 prosent.

Publisert: 04.09.2018 09:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37