Kort fortalt

Nybø droppar Hareid

Næringsministeren fekk trøbbel med tåka.

Marius Rosbach
01.06.2021

Besøket til næringsminister Iselin Nybø (V) til Hareid tysdag blir kansellert.

Det er klart etter at flyet til statsråden og følgje blei forhindra frå å lande i Ålesund grunna tåke. Nybø skulle ifølgje planen besøke Jets på Hareid og ha eit møte med Norwegian Hydrogen.

Seinare tysdag har Nybø planar om å besøke Uteguiden i Ålesund, ifølgje programmet frå departementet.

Publisert: 01.06.2021 10:11

Sist oppdatert: 01.06.2021 11:43

Mer om