NPK-NTB: KrF fremmar forslag for å greie ut alternative løysingar til bomstasjonar og redusere kostnadar til bompengeordningar. Ap ønsker òg andre løysingar.
skriv at Arbeidarpartiet og KrF vil pålegge regjeringa å greie ut og helst fjerne betaling i vegbommar, men at det ikkje er snakk om å fjerne betalinga for køyrande heilt.
Begge parti meiner likevel det er pengar å spare i administrasjon og innkreving om bominnkrevingspunkta bli erstatta med overvaking via satellittposisjonering (GPS). Tanken er at bilistane betaler basert på kor langt dei har køyrt, ikkje kvar dei passerer.
KrF-nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad, i tillegg til Hans Fredrik Grøvan og Tore Storehaug står bak KrFs forslag, der det blir understreka at det er viktig at bompengeordningar er rettferdige.
Arbeidarpartiet argumenterer i forslaget sitt òg med at bomavgiftssystemet i dag er for lite knytt til faktisk bruk og belasting av vegnettet. Dei presiserer at eit nytt system må komme til erstatning for bilavgiftene i dag, ikkje som eit tillegg som gir auka økonomisk belasting.

Publisert: 12.11.2018 10:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36