Nye drivarar av Jordbærstova
Kåre og Åse Erstad takkar for seg etter 24 år.
Jordbærstova i Valldal har vore ein populær stoppestad i Valldal for cruiseturistar og andre reisande. Her er det også overnatting og restaurant. Under pandemien fall cruiseinntektene vekk, men i 2022 betra innteninga seg på nytt, til 2,8 millionar kroner. Det er 0,4 millionar meir enn året før.
Selskapet har dei fleste åra gått så vidt i pluss. I 2022 bomma ein med totalt 2.800 kroner i resultat før skatt.
Kåre og Åse Erstad har drive Jordbærstova i 24 år. På selskapet si Facebook-side skriv dei at dei ser etter yngre krefter som kan ta over drifta frå sesongen 2023 etter at dei sjølve har hatt ei fantastisk reise. Dette har no løyst seg. Ifølgje Storfjordnytt vil Mathilde Knutsen Uri og Synnøve Dalen ta over frå 1. mai.
Selskapet er heileigd av Kåre og åse Erstad, og har ein samla eigenkapital på 0,6 millionar kroner.
Jordbærstova | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 2,8 | 2,4 | |
Driftsresultat | 0 | 0 | |
Resultat før skatt | 0 | 0 |
Publisert: 04.04.2023 05:44
Sist oppdatert: 04.04.2023 05:44