Kort fortalt

Nye eigarar av Hjellegjerde-bygget

Investorar i Sykkylven kjøper tidlegare møbelfabrikk.

04.11.2021

Det er Lade Invest, Amatec Invest AS, PC Support Eiendom AS og Innovern AS som kjøper det omlag 25.000 kvadrameter store bygget som tidlegare husa Hjellegjerde Møbelfabrikk, skriv avisa Nyss.

Bygget er eigd av selskapet Sykkylven Næringsfabrikk as, og dei fire inverstorane overtek bygget ved å kjøpe aksjane i Sykkylven Næringsfabrikk as.

Bygget husar i dag mellom andre munnbindprodusenten Innovern, 3D Knitting & Technology og Sykkylven Næringsutvikling. Deler er ogås utleigd til lager, mellom anna til Ekornes.

Publisert: 04.11.2021 12:43

Sist oppdatert: 04.11.2021 12:50