Både Kystverket og kommunane har laga nye fartsgrenser ti sjøs. Kystverket ber båtførarar om å sjekke kartet deira for å oppdatere seg.
– Det er nye fartsgrenser i ein del område. Kartet på kystinfo.no viser regulering av fart for næringsfartøy og fartsgrenser for fritidsfartøya , seier Sven Martin Tønnesen. direktør for transport, hav og farlei i Kystverket.
Dette gjeld for områda der Kystverket har ansvaret.
Det er Kystverket som regulerer fart for fritidsfartøy i hovud- og bilei og for næringsfartøy. Kommunane har ansvaret for å regulere fart for fritidsfartøy i kommunen sine eigne sjøområde.
Når det gjeld dei kommunale fartsgrensene, må ein ta kontakt med kommunen direkte. Og det er verd å merke seg at ikkje alle kommunar har laga nye fartsgrenser enno.
– Sjølv om det ikkje er innført nye fartsgrenser ein stad, er det ikkje fritt fram eller fri fart. Det betyr at båtførar må setje seg inn i regelverket. Du må alltid vere aktsam og ta omsyn til omgjevnadene, både folk, båtar, dyr- og fugleliv, understrekar Tønnesen.
Han minner også om at sjøfarande framleis kan oppleve at skilta som viser fartsgrensene, ikkje er korrekte. Dei kan vise for høg eller for låg maksimalfart, og dei kan vere feilplasserte. Årsaka er at både Kystverket og kommunane treng tid til å gjere dei naudsynte endringane.
Kystverket tilrår å bruke appen BåtFart , som fortel deg fartsgrensa der du er og varslar om du køyrer for fort. Og som ein hovudregel:
Om du framleis er usikker på fartsgrensa: Slakk ned og nyt livet til sjøs.
Publisert: 27.05.2022 15:50
Sist oppdatert: 27.05.2022 15:52