Kort fortalt

Nye ladereglar på hytta

Kan ikkje lenger lade elbil frå stikkontakt.

NPK
27.06.2022

Undersøkingar viser at berre 40 prosent brukar ladeboks for elbil på hytta. Frå 1. juli vil det vere nye krav.

– Ved å lade bilen på ein riktig installert ladeboks, vil ein tydeleg redusere faren for branntilløp, seier Mari Bræin Faaberg, avdelingsleiar i Brannvernforeningen i ei pressemelding.

Tidlegare har det vore anbefalt å unngå lading med vanleg stikkontakt, men no er regelen eintydig. No skal ein ha eigen, godkjent ladeboks.

Sjølv om reglane gjeld ved nyinstallasjonar, anbefaler Brannvernforeningen og Tryg Forsikring alle å installere eigen ladeboks for elbil.

Fredag 1. juli gjeld det fleire nye reglar for elektriske installasjonar, etter at den elektrotekniske standarden Nek 400 har blitt revidert.

Publisert: 27.06.2022 14:40

Sist oppdatert: 27.06.2022 14:41

Mer om