Kort fortalt

Nye Veier skal bygge E136

Skal få fart gjennom Romsdalen.

05.03.2021

Regjeringa flyttar ansvar for å bygge E136 mellom Dombås og Vestnes over til det statseigde selskapet Nye Veier.

Nye Veier blei oppretta for å teste ut nye måtar å gjennomføre større vegbyggingar på, mellom anna ved å bygge lengre strekningar i slengen.

Det skal ikkje byggast ny veg mellom Dombås og Vestnes, men eksisterande veg skal bli breiare, få krabbefelt i motbakkane, meir rassikring, færre krappe svingar og tryggare avkøyrsler, ifølgje ei pressemelding.

Publisert: 05.03.2021 11:36

Sist oppdatert: 10.03.2021 11:50

Mer om