NPK: Nye Ålesund kommune er kåra til Årets nynorskkommune 2019. Dei får mellom anna prisen for å vere ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken sin plass i fylkes- og kommunereforma.
Det var kulturminister Trine Skei Grande som overrekte prisen til Nye Ålesund kommune under eit arrangement på Kulturhuset i Oslo måndag. Det er Språkrådet og Kulturdepartementet som deler ut prisen.
– Det er klart det er stas og det er ei stadfesting av at språkarbeidet vi har gjort i førebuingane til samanslåinga har fungert, seier ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund kommune. Ho blir og ordførar i Nye Ålesund kommune.
Juryen håpar prisen kan bidra til mykje godt nynorskarbeid i den nye storkommunen og til å skape trygge og gode nynorskbrukarar i heile kommunen
«Den nye storkommunen er ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma», heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Publisert: 21.10.2019 11:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32