Nynorskpris til Wattn
Heider til straumleverandøren.
(NPK): Nynorsk næringslivspris går denne gongen til straumleverandøren Wattn AS, som er eit samarbeidsselskap mellom Tafjord, Tussa, Sognekraft og Sogn og Fjordane Energi.
Føremålet med prisen, stifta av Noregs Mållag i 2006, er å fremje innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd.
Juryen meiner Wattn AS heilt frå starten har vore tydelege på at identiteten til nynorsken skal vere sterk. Det speglar namnet på selskapet, som kombinerer orda vatn og watt. Det er med på å stadfeste identitet til kjerneområdet, men viser også ambisjonar nasjonalt. På nettsida til selskapet og i applikasjonar kan ein velje mellom nynorsk og bokmål.
Juryen håpar at andre næringar merkar seg den framoverlente haldninga og filosofien til selskapet og nyttar nynorsken til sin fordel i næring- og marknadsføring.
(©NPK)
Publisert: 17.02.2022 14:36
Sist oppdatert: 17.02.2022 14:42