Kort fortalt

Nyss i Stranda og Sykkylven

Namnet for ny lokalavis er klart. 

11.11.2020
Nyss blir namnet på den nye avisa for Stranda og Sykkylven, og nettstaden blir nyss.no.

Sykkylvsbladet og Sunnmøringen blir slått saman frå årsskiftet. Lesarar og annonsørar i dei to kommunane vil få eit felles medietilbod med ei papirutgåve onsdag og fredag, i tillegg til løpande oppdateringar på nyss.no.
Medietilbodet vil dekke ein region med om lag 12.000 innbyggarar, og avisa vil truleg få eit opplag på 3.500, blir det opplyst i ei pressemelding.
Mediehuset Nyss AS er ein fusjon mellom Sykkylven Media AS (utgjevar av Sykkylvsbladet) og Sunnmøringen AS. Frank Kjøde, som i dag er dagleg leiar og redaktør i Sykkylvsbladet, får det same ansvaret i det nye mediehuset.
Første utgåve av papiravisa Nyss kjem 6. januar, og nettutgåva blir operativ frå same dato.

Publisert: 11.11.2020 17:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24