(NPK): Villaksen i Noreg har det historisk dårleg, ifølgje ein ny rapport frå Vitskapleg råd for lakseforvaltning.
Rapporten viser at 2024 var eit rekordår i negativ forstand, med den lågaste mengda laks som har kome tilbake frå havet nokosinne registrert, skriv E24.
Medan det på midten av 1980-talet kom tilbake over éin million laks frå havet, var talet 323.000 i fjor. Lakselus blir peika på som den største trusselen mot villaksen, saman med rømt oppdrettslaks og sjukdommar frå lakseoppdrett.
Villaksen vart oppført som nær trua på Norsk raudliste for artar i 2021.
Sportsfiskesesongen startar 1. juni, men det er uvisse blant elveeigarar og fiskarar om kva dei kan vente seg. Regjeringa har nyleg føreslått omfattande endringar i vilkåra for norsk lakseoppdrett, med omsyn til villaksen. Desse forslaga skal etter planen behandlast i Stortinget 12. juni.
(©NPK)
Publisert: 28.05.2025 10:09
Sist oppdatert: 28.05.2025 10:09





