Selskapet Vikomar på Bud har historie tilbake til dei gode sildeåra på 1950-talet. Selskapet har satsa på pelagisk fisk som makrell, lodde og sild, i tillegg til mottak og produksjon av kvitfisk.
Sidan 2012 har Brødrene Sperre på Ellingsøya vore hovudaksjonær, og dei to selskapa har samarbeidd.
I fjor vart det sett omsetningsrekord, men resultatet før skatt gjekk litt ned, og enda på 30,7 millionar kroner.
148 millionar kroner av salet gjekk i fjor til Norge, 203 millionar til resten av Europa og 373 millionar kroner til Asia. Det var eksporten til Asia som auka mest.
Samla eigenkapital er på 175,0 millionar kroner, og langsiktig gjeld 101,9 millionar.
Selskapet Brødrene Sperre ved Arne og Inger Marie Sperre eig 50,09 prosent, dagleg leiar Kristofer Reiten 24,9 prosent og Per Olav Mevold 24,9 prosent. Dei kan for fjoråret fordele eit utbyte på 10,0 millionar kroner.
Vikomar | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 789,8 | 703 | |
Driftsresultat | 34,8 | 52,7 | |
Resultat før skatt | 30,7 | 48,8 |
Publisert: 22.05.2023 19:05
Sist oppdatert: 22.05.2023 19:08