Kort fortalt

Nytt landanlegg for kveite

Skal produsere 9.000 tonn kveite i Tingvoll.

NPK
30.09.2021

I Torjulvågen i Tingvoll kommune er det planlagt å byggje eit nytt landanlegg for oppdrett av kveite.

Selskapet Nordic Halibut AS har signert ei avtale med grunneigarar som sikrar plassering av eit nytt, fullintegrert landanlegg i Torjulvågen i Tingvoll i Møre og Romsdal, skriv Fiskeribladet.

Det nye anlegget vil gjere det mogleg for Nordic Halibut å realisere fase to av vekstplanen opp til 9000 tonn hovudkappa og sløya kveite.

– Det er ein viktig milepæl for Nordic Halibut. For første gong i selskapets historie har vi moglegheit til å designe og byggje eit anlegg som er optimalisert for oppdrett av kveite, seier Edvard Henden, administrerande direktør i selskapet.

Bygginga er planlagd å starte i andre kvartal 2022, og anlegget vil gradvis fasast inn i produksjon i løpet av 2023/2024.

Publisert: 30.09.2021 12:49

Sist oppdatert: 30.09.2021 12:50

Mer om