Måndag melder Vard at dei er ferdige med fartøyet «IT Infinity» etter eit ombyggingsoppdrag.
Det er Vard-verftet i Brattvåg som har stått for jobben med å gjere om det drygt 90 meter lange forsyningsskipet, til eit spesialisert kabelleggingsfartøy (CLV - cable laying vessel).
Eigarane av skipet er Barbados-registrerte I.T. International Telecom Marine, som overtok skipet frå SD Standard Drilling i 2021. Skipet gjekk tidlegare under namnet Volstad Princess og blei bygd som ein PSV for Volstad Maritime i 2008.
I pressemeldinga skriv Vard at det er eit omfattande arbeid som er gjort. I tillegg til at det er gjort strukturelle endringar, har Vard Electro spelt ei sentral rolle av alle elektriske system om bord.
Det er mellom anna installert ei 60-tonns A-ramme, ein stor kabeltromme og utstyr for å teste og skøyte fiberoptiske kablar. I tillegg er det kome fjernstyrte undervassfarkostar om bord.
– Resultatet er blitt eit svært kapabelt fartøy, full førebudd på å betene den globale marknaden for undersjøiske kablar, ein industri som sårt treng slike spesialiserte skip, uttaler Steve Arsenault som leiar IT sitt sal- og marknadsarbeid.
Publisert: 09.12.2024 16:00
Sist oppdatert: 09.12.2024 16:00