Kort fortalt

Nytt liv i den gamle postvegen

Skal verte ferdselsåre av turløyper.

06.04.2019
NPK: Riksantikvaren gir Møre og Romsdal fylkeskommunen inntil éin million kroner til å gjenoppliva postvegen gjennom heile fylket.
Løyvinga frå Riksantikvaren skal sikra at den gamle postvegen blir ei ferdselsåre av turløyper og andre opplevingar.
Den trondhjemske postvei går frå Bergen til Trondheim. I Møre og Romsdal går den gjennom kommunane Stranda, Ørskog, Vestnes, Molde, Gjemnes, Tingvoll og Surnadal. Frå 2020 er også Volda med gjennom samanslåinga med Hornindal.
– Postvegen har eit stort potensial til å bli ei samanhengande historisk ferdselsåre. Det kan me til dømes få til ved å kopla delar av den opphavlege strekninga med nye turløyper eller ved hjelp av kollektivtransport, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding.
Tilskotet går til prosjektet «Ein bit av historia». Fylkeskommunen har sett av 6 millionar til prosjektet, som i første omgang går frå 2018–2020. I år er målet å kartleggja og registrera tilstanden til den historiske vegen, og utvikla logo og skilting, opplyser fylkeskommunen.

Publisert: 06.04.2019 10:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35