NPK: Ved eit oppdrettsanlegg ein eller annan stad i Nord-Noreg skal eit nytt lusemiddel prøvast ut. Selskapet som utviklar middelet er svært løyndomsfulle.
– Fisken lar seg ikkje stressa av behandlinga, så dette representerer ein svært skånsam metodikk, seier dagleg leiar Pål Haldorsen i Seacalx til .
Forsøket med det nye middelet er godkjent av Statens legemiddelverk. Tidlegare er det gjort forsøk hjå ein annan oppdrettar i Sør-Noreg. Resultatet frå testane er ikkje klare, opplyser selskapet.
Middelet som blir brukt er eit pulver av kalsiumoksid og middelet blir blanda i saltvatn før det blir ført ut i merden. Vatnet blir lyst medan behandlinga går føre seg. Middelet er tenkt som ei førebyggjande behandling mot lus på tidlege stadium og skal verka før lusa får festa seg på fisken.
Firmaet Seacalx held til i Sandviken i Bergen og samarbeider med blant anna Lakselussenteret ved Universitetet i Bergen.

Publisert: 23.10.2018 14:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37