Kort fortalt

Nytt næringsfond i Ulstein

Håpar på nye verksemder.

Marius Rosbach
01.12.2021

Det vert oppretta eit nytt kommunalt næringsfond i Ulstein frå januar 2022.

– Næringsfond har ein god effekt for å sette små og store utviklingstiltak i gang for det lokale næringslivet og at det kan vere avgjerande for om nokon startar ei verksemd, seier kommunalsjef organisasjon og utvikling, Monica Cecilie Torp, i ei melding på heimsida til kommunen.

Kommunen håper det kan vere med å stimulere nye og etablerte verksemder til å starte og melder at dei har 800.000 kroner att på næringsfondkontoen som kan nyttast.

Tidlegare fekk kommunen regionale utviklingsmidlar frå fylkeskommunen, men det har ikkje kome nye slike midlar sidan 2017.

Publisert: 01.12.2021 10:00

Sist oppdatert: 01.12.2021 10:01

Mer om