Kort fortalt

Nytt radaranlegg i Vågsøy

Ein av fem stader Forsvaret skal ha nytt anlegg.

NPK
17.11.2022

Forsvaret skal investere åtte milliardar i åtte nye radaranlegg som skal bli Natos auge i nord, ifølgje Forsvarsmateriell.

Det fortel Gro Jære, direktør i Forsvarsmateriell (FMA) til Forsvarets forum.

Forsvarets forum skreiv i 2019 at dei nye radarane skal erstatte dei eldste luftovervakingsradarane i Noreg.

– Store delar av dagens radarar nærmar seg raskt slutten av si levetid og må fornyast for å møte utfordringane i framtida, sa dåverande forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H)

Dei åtte nye radaranlegga skal halde oppe Forsvarets evne til å overvake norsk og nærliggjande luftrom. Radarane skal stå ferdig innan 2030.

Fem radaranlegg skal etablerast på nye stader, medan tre eksisterande radarstasjonar skal førast vidare. Forsvarsmateriell skal sikre seg eigedom i Vardø i Finnmark, Vestvågøy i Nordland, Orkland og Namsos i Trøndelag, Vågsøy i Sogn og Fjordane, Ringerike, Os og Tolga i Hedmark og Bjerkreim og Eigersund i Rogaland.

– Plasseringa for radarane er valde ut frå ei vurdering av korleis ein med berre nokre få radarar kan oppnå best mogleg overvaking av luftrommet, ifølgje FMA.

Forsvarsbygg opplyser at dei allereie er i gang med å byggje veg til radaranlegga i Ringerike, Orkdal og Namsos. I Vardø er vegbygginga allereie ferdig.

Publisert: 17.11.2022 08:06

Sist oppdatert: 17.11.2022 08:07

Mer om