Kort fortalt

Nytt redningshelikopter snart klart

Skal gjennomføre testflygingar i mai.

09.04.2019
NPK-NTB: Det første av dei nye redningshelikoptera som skal erstatte dagens Sea King, kan komme i drift før årsskiftet, skriv Aldrimer.no
Innfasinga av dei nye helikoptera er forseinka, men det første kan bli operativt i desember, skriv . Eitt av AW 101-helikoptera skal gjennomføre testflygingar ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen i mai, ifølgje nettstaden.
Leiinga ved Hovudredningssentralen (HRS) Sør-Noreg på Sola har fått beskjed om at dei ansvarlege for innfasinga håper helikopteret kan vere operativt om åtte månader.
– Planen er at det første helikopteret går operativt her på Sola i desember i år. Vi håper denne planen held. Det var ein tanke om at AW101 skulle bli operativt frå sommaren av. Men det som for augneblinken er formidla til oss, er desember, seier Ståle Jamtli, som er fungerande avdelingsdirektør og sjef for HRS Sør-Noreg.
Justis- og beredskapsdepartementet seier tidspunktet for å setje helikoptera i drift framleis er til vurdering.
«Det pågår et planleggingsarbeid mellom Forsvarsdepartementet ved forsvarssektoren og Justis- og beredskapsdepartementet», skriv senior kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik i ein e-post til Aldrimer.no. Departementet seier innkjøpet i hovudsak går bra, inkludert logistikk, treningsløysingar og hangarar. Fire helikopter er tilgjengelege for Luftforsvaret.

Publisert: 09.04.2019 09:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35