Kort fortalt

Nytt rekordår for Salmar i fjor

Kraftig auke i overskotet for laksegiganten.

Marius Rosbach
15.02.2024

(NPK-NTB): Salmar tente 2,2 milliardar kroner på drifta i fjerde kvartal i fjor, og 2023 vart dermed endå eit rekordår for laksegiganten.

Selskapet betaler 35 kroner i utbytte per aksje for rekneskapsåret 2023, totalt 4,6 milliardar kroner, går det fram av ei børsmelding torsdag morgon.

– Salmar-teamet har endå ein gong prestert godt og levert imponerande resultat, både når det gjeld operasjonell drift, synergirealisering og gjennomføring av strategiske prosessar. Eg er stolt over våre dedikerte og dyktige tilsette og den krafta som Salmar-organisasjonen har vist gjennom heile 2023, seier konsernsjef Frode Arntsen.

Selskapet hadde eit resultat før skatt på 7,3 milliardar kroner før skatt i 2023, mot 4,6 milliardar året før.

For 2024 endrar Salmar slaktevolumet i Noreg til 237.000 tonn som følgje av angrep av perlesnormaneter. I børsmeldinga skriv selskapet at dei opplever sterk etterspurnad etter alle produkta sine, og dei ventar avgrensa global tilbodsvekst i 2024.

– Vi ser mykje potensial for framleis forbetring og vekst i alle delar av verksemda vår framover. Trass i uavklarte regulatoriske forhold er vi trygge på at vi kan auke produksjonen og vekse vidare med den noverande operasjonelle strukturen vår, seier Arntsen.

Publisert: 15.02.2024 07:57

Sist oppdatert: 15.02.2024 07:57

Mer om