Kort fortalt

Nytt skip til Havforskinga

Skal forske på økosystemet langs kysten.

11.10.2018
NPK: Havforskingsinstituttet skal byggje eit nytt forskingsfartøy som skal nyttast til forsking på økosystemet langs norskekysten.
Skipet kjem i tillegg til dei to kystforskingsfartøya Havforskingsinstituttet har i dag, «Hans Brattström», som er eigd av Universitetet i Bergen, og «G.M. Dannevig», som held til ved havforskingsstasjonen Flødevigen i Arendal.
– Planen er å få bygd eit nytt fartøy på cirka 35 meter som kan nyttast langs heile norskekysten frå Halden til Kirkenes, både til kystforsking og til undervisningsformål, seier reiarlagssjef Per Wilhelm Nieuwejaar ved Havforskingsinstituttet til nettavisa .
Det nye forskingsskipet kostar 75 millionar kroner, og regjeringa har sett av 13 millionar kroner til designutvikling og første delbetaling til eit verft i framlegget til statsbudsjett for 2019.
Designoppdraget har allereie vore ute på anbod, men kven som får kontrakten, er enno ikkje avklart. Havforskingsinstituttet er elles innstilt på å få skipet bygd ved eit mindre verft i Noreg.
Det nye skipet skal nyttast i tillegg til dei to andre kystforskingsskipa og reduserer behovet for å leige inn fartøy til kystforsking, slik Havforskingsinstituttet ofte gjer i dag, fortel Nieuwejaar.
– Dette er ofte båtar med ganske enkel utrusting. No vil vi styrkje kystforskinga, som er det området der behovet eigentleg veks mest. Dette blir eit tredje fartøy som vi kan bruke primært frå Vestlandet og nordover, seier han.

Publisert: 11.10.2018 14:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37