Nytt våpen mot lakselus
Straumgjerde er effektivt.
I utgangspunktet skulle straumgjerdet rundt laksemerdane hindre rømming. No har det vorte eit effektivt middel mot lakselus.
Etter over ti år med forsking og utvikling vart dei første kommersielle versjonane av straumgjerda sett ut rundt norske laksemerdar i fjor haust. Sidan då har selskapet bak, Harbor, installert i alt 17 gjerde, melder Teknisk Ukeblad.
Ifølgje selskapet reduserer gjerda mengda med lakselus på fisken med meir enn 60 prosent, noko som betyr at lusbehandlinga kan reduserast med 40 til 60 prosent.
Gjerda sender ut elektropulsar som gir lakseluslarvane ein karamell før dei kjem inn i merden. Dette gjer at larvane ikkje klarer å feste seg til fiske.
– Straumgjerdet tek ikkje livet av larven, men gjer han ute av stand til å feste seg på fisken, seier Johan Fredrik Dahle, dagleg leiar i Harbor.
Straumgjerdet skulle opphavleg halde laksen inne i merdane og hindre at sel og andre tok seg inn i merdane, men etter kvart oppdaga dei at gjerdet også hadde ein positiv effekt mot lakselus. Og sidan har forretningsideen retta seg meir og meir mot dette, fortel Dahle.
Målet er ikkje å utrydde lakselusa, men heller redusere talet på lus slik at det ikkje blir like stort behov for behandling av fisken. Som regel skjer behandling mekanisk med spyling eller kjemisk ved at fisken blir bada i stoff som fjernar lus.
Publisert: 19.10.2021 15:59
Sist oppdatert: 19.10.2021 16:00